top of page
  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon

Din stemme | Esten Segbø om Valget i USA

  • 14. nov. 2016
  • 3 min lesing

Foto: Janne D. S Dimitrova

Valget i USA

Esten Segbø skriver om valget i USA, og har sendt inn sin artikkel til "din stemme".

Den niande november vant Donald Trump presidentvalet. Litt av eit tilfelle, eller kva?(#9/11) Sjølv om Hillary Clinton hadde 202 340 stemmer fleire enn Trump, fekk Trump fleire statar. Landet som seier sjølv at dei er det mest demokratiske landet i verda veljar ny president med en veldig udemokratisk metode. I kvar stat er det valmenn, og alle valmennene avhenger av folkemengda i staten. California, som er ein folkerik stat, får 55 valmenn, mens Montana, som er ein mindre folkerik stat, får 3. Valmennene er ikkje bunden av lov til å stemme på den kandidaten som fleirtalet av befolkninga i staten stemmer på. Dei valmennene kan stemme på kven enn dei vil, uavhengig av befolkninga. Dette er snodig for «verdas mest demokratiske land».

USA er eit stor land med en stor befolkning. Ca 1/3 av befolkninga stemte ved valet, noko som er eit større engasjement enn vanleg. Men mange val å ikkje stemme, på grunn av splittelsen. På den eine sida, har vi Clinton. Clinton er ein kjent politikar. Hun var utanriksminister under Obama-administrasjonen, fyrste dame under Bill Clintons administrasjon på 90-talet og har vært senator frå 2001 til 2009. Clinton har hatt ein lang og spesiell karriere. Som utanriksminister så gjorde hun en del feil som ofte har blitt brukt mot henne under valkampen. Den mest brukte skandalen er e-post-skandalen. Da hun var utanriksminister brukte hun ein privat server til å sende offisielle e-poster. Disse e-postene slettet hun i seinere tid, ca. 30 000 e-poster. Hun har innrømmet sine feil og beklaget flere ganger. Denne skandalen blir likevel brukt mot henne. På den andre sida har vi Trump. Trump er en kjent eiendomsmogul og reality-stjerne. Han hadde et kjent show, «The Apprentice», som har gitt han mesteparten av hans kjendisstatus. Han annonserte sin kampanje for presidentskapet i juni 2016 til stor begeistring for den amerikanske kvite arbeidarklasse. Trumps kampanje har i stor grad handlet om å rakke ned på motstandarane sine. I tillegg så val han å bruke åtskiljing som eit virkemiddel i kampen. Han har i stor grad gått imot etniske- og religiøse minoriteter, og brukt xenofobi til å samle lavt utdannande, kvite arbeidarklassemenn. Mange har spekulert at Trump bare stilte som eit PR-stunt, andre har tenkt han bare stilte for å vise kor lett det kan være å komme inn i Det Kvite Hus.

Arbeidarklassen har historisk sett tilhøyret venstresiden. Så kvifor gjekk dei inn for Donald J. Trump som deira neste president? Det er fordi venstresiden er splitta. Dette er ikkje bare tilfellet i USA, men også mange andre land i verda. Venstresiden slit med å samle seg, fordi det er eit så bredt spekter av mengingar. Kommunistane vil ikkje gå med på sosialdemokratanes krav, og omvendt. I kjølvatnet av dette valet har fleire opptøyar brote ut. Dette er fordi fleire tusen er sinte, redde og skuffa over valet. Mange har gått rundt med plakatar kor det står for eksempel «Not my fucking president». Mens Trump taler så flott om korleis han skal samle landet etter valet, viser protestantane kor splitta landet eigentleg er. Nokon, inkludert meg sjølv har spekulert over at dette valet kan være det sparket i ræva venstresiden trenger for å samle seg. USA har vært prega av store demonstrasjoner i forkanten av valet av ulike grunner som politivold og brodd på urfolks rettighetar. Men nå er det helt andre tilstander. Et så splitta USA kan være ekstremt farleg, for minoritetar og Trump-supporterar hand i hand. Ei rasekrig kan bryte ut, kor den kvite rase erklærer krig mot alle raser som ikkje er kvite. Dette er ein reell otte eg har.

Arbeidarklassen kan ikkje gå til krig mot seg sjølv. I stadet for rasekrig, må arbeidarklassen gå saman og gjere klar til klassekrig mot borgarskapet som undertrykker alle slik at de kan sitte på makta.


 
 
 

Kommentarer


Les mer:

TIL DERE

Ungdomsbedriften Contra UB er stolte av å annonsere magasinet Contra magasin, og vi ønsker å ha dere flotte lesere med på produsjonen. Vår visjon er å ta opp saker som påvirker, engasjerer og interesserer dere!

Trykk HER for å bruke din stemme.

Redaktør:   David William Øynes    +47 916 01 602

Digitalredaktør:   Silje Fugleberg     +47 468 35 504

Annonseinfo: HER

  • Grey Facebook Icon
  • Grey Instagram Icon

© Contra UB

bottom of page